ÅRSMØTE

Det vert årsmøte i Elskhug og eksis onsdag den 7. februar 2024 kl. 19.00 i kantina på Nordfjord sjukehus.

 

FRAMSYNINGAR AV SPELET:

Fredag 23. juni  kl. 18.00

Laurdag 24. juni kl. 17.00

Søndag 25. juni kl. 14.00

Kjøp billettar på Sundehjørnet i Eidsgata 17 på Nordfjordeid eller ved inngangen til spelet med Vipps, kort eller kontant.

Vaksen frå 16 år kr. 395,-, 6-16 år kr. 150,- og born under 6 år gratis

 
Dersom du vil kontakte oss, kan du gjere det ved å sende melding på facebooksida vår
https://www.facebook.com/elskhugogeksis, du kan sende e-post til post@elskhugogeksis.no eller ringe på tlf. 988 74 556 
 
Så sett av dagane, for dette kjem til å bli heilt supert! 😀 Vi treng folk i alle aldrar, så her kan til og med heile storfamilien delta på ein kjekk aktivitet i lag om ein vil. Ein kan vere statist, eller få større eller mindre roller.
Meir informasjon kjem etterkvart!  😀

23. - 25. juni 2023


Det har vore tradisjon å setje opp lystspelet Elskhug og eksis i oddetalsår. Produksjonen i 2021 måtte avlysast på grunn av covid-19. Styret for spelet har kome fram til at vi vil halde fast på rytmen med oddetalsår. Det vert såleis framsyningar av Elskhug og eksis sommaren 2023.
 

Planlegging av spelet i 2023 er i gang, vi har allereie knytt til oss ein «nygamal» regissør: Marit Grytnes Dullaert kjem attende til Elskhug og eksis i 2023. Sidan sist Marit hadde hand om Elskhug og eksis, har ho hatt regi- eller koreografiansvaret for fleire store produksjonar, m.a. i Ringsakeroperaen og Operaen i Kristiansund. Vi er både stolte og glade over å ha Marit attende i Elskhug og eksis, og vi trur at både publikum og alle på scena kan gle seg til å møte ein så erfaren regissør!

Foto: Svein Nesbakk

Vi vil takke sponsorane våre!