- John Olai Myklebust -

John Myklebust er ein svært sentral figur i «Elskhug og eksis», svært godt portrettert av Erlend Ona Gjul som har hatt denne rolla ved alle oppsetjingane av stykket.

John Olai Myklebust vart fødd 6. september 1861 som son av gardbrukar Johan Jonson Myklebust og kona Helga Jonsdotter f Holmøy i Jotunet på Myklebust i Eid. Han gifta seg 10. november 1891 i Rugsund med Vedike (Wediche) Iseline Pedersdotter Maurstad, og dei tok same året over Jotunet på Myklebust etter John sine foreldre.

John Myklebust (1861-1937) var bonde, forretningsmann, offiser og politikar. Krigskommissær frå 1917 til 1931 – og på folkemunne kalla ”Krigsen”.

Utdanna ved Fjordane Amtsskule, Maribogaden Middelskole i Oslo og tok examen artium i 1883. Eksamen frå Krigsskulen i 1887. Tenestegjorde som offiser ved Sogns Bataljon i Vik fram til 1888, då han vart overført til Nordfjord og Søndmørs Regiment med øvingsstad på Nordfjordeid. Han vart premierløytnant i 1889 og kaptein og kompanisjef i Fjordenes Bataljon i 1895. I 1917 utnemnd til major og krigskommissær for Nord-Vestlandet i 1918. Han søkte avskil som offiser i 1931.

Ordførar og stortingsmann

John Myklebust var ordførar i Eid 1898-1916, og stortingsmann 1910-1912 for Venstre. Han fungerte også som ordførar 1922-1923. Myklebust spela hovudrolla då Venstre-folk i Nordfjord i 1925 braut ut og stilte eiga liste ved stortingsvalet. Mange meinte det var ille at ”Krigsen” ikkje hadde fått plass på venstrelista, og førde han på topp på ei eiga venstreliste for Nordfjord. Lista fekk 1578 røyster – langt unna mandat.

Bygde opp Nordfjordeid som skulestad

I Eid vart John Myklebust ein av dei store samfunnsentreprenørane: Den uvanleg initiativrike mannen fekk i 1891 skipa Eid Middelsskole (seinare realskule) og var styrar sjølv til 1918. Han fekk bygd kombinert kommunehus og skulehus for Fjordane Fylkesskule 1900, og var ein sentral initiativtakar til at Eids Gymnas vart skipa i 1922. Det vert sagt at John Myklebust hadde onkelen Hans Holmøy, som starta Holmøy Arbeidsskule i 1858, som føredøme i arbeidet med å byggje opp Nordfjordeid som skulestad.

Dampskipskai og vegar

John Myklebust fekk bygd ny dampskipskai på Nordfjordeid og ei mengd nye vegar kringom i kommunen. Han fekk sett i stand Eid kyrkje og fekk den landskjende kunstnaren Lars Kinsarvik til å dekorere den innvendig.

Skipa privatbank

Saman med kjøpmann H.D. Aasebø skipa han Eids Privatbank A/S i 1911 og var banksjef der til han døydde i 1937. Myklebust var drivkrafta då Eid Elektrisitetsverk bygde kraftverk i Kviefossen i Eidselva i 1914. Det vekte stor harme mellom grunneigarane då kommunen for første gong nytta oreigning for å sikre seg falla i Kviefossen. Fleire av dei møtte opp heime hjå Myklebust for å ”ta” han etter denne hendinga, men Myklebust kom seg unna.

Sentral i sjukehusbygginga

Då millionæren William Henry Singer jr. i Olden gav 100.000 kroner til sjukehus i Nordfjord i 1930, spela John Myklebust ei sentral rolle for å få sjukehuset bygt i Prestemarka på Nordfjordeid. På fylkesplan var Myklebust m.a. medlem av amtsutvalet og direksjonsmedlem i Ålfot interkommunale kraftselskap.

Redaktør

I tillegg til politiske gjeremål fekk John Myklebust også tid til å vere redaktør for Fjordabladet i to år frå 1892 til 1894 og var styremedlem i avisa til 1934. Han fekk tildelt Borgardådsmedaljen i sølv i 1931.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

- Samuel Kjøsnes -

Samuel Kjøsnes vart fødd oktober 1861 som son av Engel Ellingsdotter f. Dversdal og forpaktar Anders Andersson Befring på Kjøsnes i Jølster. 

Han gifta seg på Eid 30. november 1884 med 23 år gamle Karoline Eline Myklebust frå Eid. Då vart han innførd i kyrkjeboka som bataljonstambur, og det står i merknadsrubrikken at han hadde fått Iøyve til giftarmålet frå «Hardanger Bataljon Chef Bull».

Karoline var dotter til Matias Vernerson og kona Pernille Andersdotter på Myklebust.
Folketeljinga for 1865 fortel at Matias Myklebust var «Husmand uden Jord. Tømmermand».

Karoline og Samuel sine born vart fødde på rekke og rad: Emma Ragna (f. 1885), Alfred Mathias Hjemsstjerne (f. 1887), Petra Karoline (f. 1888), Jenny Pernille (f. 1890) og Mathias (f. 1891) vart fødde på Myklebust. Så flytta familien til Liljevang på Gjerde, der stadig fleire born kom til verda: Emil Verner i 1893, Marie Pernille i 1896, Elen Sofie i 1898, Aasta Mathilde i 1900, Karoline i 1902, Solveig Ragna i 1904, og Toralv Johan som var fødd i januar 1909 og døydde tre månader gammal.

I bygdeboka for Eid og Hornindal står det om Samuel Kjøsnes mellom anna følgjande: «… var musikkfanejunker, sjef for bataljonsmusikken i meir enn ein mannsalder. Han gjorde eit grunnleggjande arbeid i musikklivet for dei bygdene i Nordfjord og Sunnmøre som sokna til eksisplassen på Nordfjordeid. Han hadde eit godt lag til å ta ut til opplæring i bataljonsmusikken gutar med verkeleg god musikkgivnad. I den korte tida dei var inne til teneste, sette han dei på veg såleis at dei sjølve fekk hug og dug til å gå i gang med musikkopplæring i heimbygda si i tida mellom samlingane. For Eid laga han eit serskilt musikkorps, dreiv det vidare fram etter at han hadde slutta militærtenesta, tok inn unge folk etter kvart, og dette musikkorpset er i sving den dag i dag med namnet Eids Musikklag. Kjøsnes-musikk er ei nemning med godt ord på seg vidt om i landet.»

Samuel Kjøsnes vart nok både i samtid og ettertid mest kjend som militærmusikaren, men han måtte livnære seg på andre måtar også, slik det til dømes er registrert i folketeljinga i 1900: Då var han både fanejunker, gardbrukar og handelsagent. Samuel Kjøsnes døydde 27. desember 1931 og kona Karoline 30. januar 1942.

- Kjøsnesmusikken -

I meir enn 100 år var eksisplassen og det som der gikk føre seg, eit sermerkt innslag i folkelivet her på Eid. Rekruttskulen med omlag 300 mann kalla dei læreturen, bataljonsamlinga med 1200-1500 mann kalla dei storturen.
    Alle mann, offiserar, underoffiserar og soldatar vart innlosjert i hus på Eid og næraste gardane kring. Romslig var det nok ikkje alltid korkje for soldatar eller husets folk. Husa var ofte små og lite tenlege for leigeboarar, det vere seg både for sengeplass og sanitære forhold medan samlingane varte.
    Det er Kjøsnesmusikken vi ser på dette bildet, desse stramme musikantane i elegante uniformer, nypussa frå topp til tå under sin dirigent musikkfanejunker Samuel Kjøsnes. I Oberst Holtermann si tid her på Eid var nok Kjøsnesmusikken på topp i kvantitet og kvalitet. Oberst Holtermann var ein barsk offiser som likte å ha orden på tinga både under feltøvingar og paradar på Plassen der Kjøsnesmusikken eldna soldatane og fryda dei skuelystne eidarane som var møtt fram i stort antall. Ja, mykje gjekk for seg i Holtermann si tid her på Eid – og slett ikkje berre om militære ting. Ein meiner då tida 1895 til kring 1900. 

Dette er henta ut frå Eidakalenderen 2001 utgjeven av Nordfjordeid Lions Club

- Hendingar i Holtermann si tid -

Handlinga i «Elskhug og Eksis» er lagt til 1895. Denne tida har seinare gjerne blitt kalla «Holtermann si tid», og då hende mellom anna dette i Eid:

1890- Ny lensmann. Nikolat Marius Oppen vart lensmann i Eid etter Anders Ous (lensmann 1881-90) og sat som lensmann til 1898.

1890 – Skyttarlaget «Dolen». T.O. Kløllesdal var fotste formann i laget som seinare heldt fram som Kjøllesdal Skyttarlag.

1891 — Eids Middelskole. John Myklebust starta og dreiv skulon som heldt tji i Jotunet på Myklebust. Kring hundreårssklftet flytta skulen over i Losjehalla (lokala til Morgendæmring), og omtrent samstundes fekk

Myklebust hjelp av Håkon Aasvejen som også var redaktør i Fjordabladet. 1902 vart Rasmus Torvik tilsett som andrelærar.

1891 -Altartavle. Ny altartavle i Eid kyrkje vad måla av Cecilie Dahl, ramma vart laga av Ola Holmøy

1892 -Eids Ungdomslag. Laget vart skipa av Lorenz Nybø.

1892 Losje. Morgendæmnng. Thorgeir Oos vart første øvstetemplar i losjen som vart skipa 2. mai 1892.

1892 -Fjordabladet. Lærar og klokkar Mons Syltevik flytta til Borgund på Sunnmøre og gjekk samstundes av som redaktør av Fjordabladet. John Myklebust tok over som redaktør.

1893- «Unge Skud». Forste nummer av dette sosial-radikale bladet, med undertittel «Organ for ungdommen» vart gjeve ut tysdag 7. november. Redaktør og utgjevar var Lorentz Nybø. Bladet «Udkommer paa Nordfjordeid 1 g ugentlig, koster 75 øre halvaaret, som betales forskud. Bestilles paa alle postanstalter samt i expdt.

Bekjendtgjørelser 10 øre linjen». 1 1895 vart nynorsk hovudmålet. Bladet vart gjeve ut på Eid til utgangen av 1895, då Nybø flytta til Voss i julehelga det året. På Voss kom første nummer ut 9. januar 1896. 1 1899 skifta bladet namn til «Unglyden».

1893 – Nordfjord Telefonselskap.

1893 – Skyttarlaget «Ornen». Arne Mannset var første formann i laget som seinare heldt fram som Haugen Skyttarlag.

1893 — Skyttarlaget «Nordstjernen». Laget skifta seinare namn til Nordnes, vart oppløyst i 1904, og etterfølgt av Nesbygda Skyttarlag i 1905.

1893 — Skytarlaget «Prøven». Arne Mannset var første formann i laget som seinare heldt fram som Haugen Skyttarlag.

1894 — Nordbygda Skyttarlag. R. Lothe var første formann i laget.

1894 — Ny sokneprest. Arent Johan Schøning drog til Troms etter å ha vore i Eid sidan 1885, og vart etterfølgd av Peter Schreiner Høegh.

1894 — Fjordabladet. Rasmus Sindre tok over som redaktør etter John Myklebust, og hadde dette ansvaret til 1900.

1895 — Stårheim Skyttarlag. D. Storhammer var første formann i laget.

1895 — Skyttarlaget «Fløien». Aktivitet frå 1896, men skal ha starta i 1895. Den første kjende formannen var J.

Mørkeset (1897-98). Laget skifta namn til Hundeide Skyttarlag i 1912.

1895 — IL Vrangfoss. IL Vrangfoss vart skipa 23. november med 35 frammøtte og med Jens S. Haugen som første formann (til 1908). Skifta i 1932 namn til Haugen IL.

1896 – Kong Oscar Il. Vitjinga er m.a. omtalt av Peder P. Oos i Sogeskrift for Eid 1994 s. 24-25. Kongen drog med «Heimdal» frå Nordfjordeid 21. juli, og var neste dag i Geiranger, på øye og til slutt i Ålesund.

1896 – Barnelosje Foreldregleden. Skipa i november med 64 medlemer.

1896 — Ny sorenskrivar. Hans Ramshardt Koefoed som hadde vore sorenskriver sidan 1877, vart avløyst av Christen Faye Krogh.

1897 – Sørstranden/Sudstranda Skyttarlag. A. Skrede var den første formannen.

1898 – Ny ordførar John Myklebust tok over etter Rasmus Møklebust (ordførar 1882-1897) og var ordførar samanhangande fram til 1916.

1898 – Ny lensmann. Henrik Madsen Fauske tok over etter N. Oppen og var lensmann i 35 år, til sonen Erling Fauske vart ny lensmann i 1933.

1898 – Losjehalla. Losje Morgendæmring sitt forsamlingshus vart vigsla i desember. Hu-set vart også nytta av Eids Ungdomslag og Eids Middelskole.