- Tor Karseth -

Elskhug og Eksis er skrive av Tor Karseth. Han har også laga fleire av songane i stykket.

Karseth har skrive omlag 40 teaterframsyningar, dei aller fleste med mykje song og musikk. Han er visesongar og har gitt ut fleire bøker og cd-produksjonar. Han har m.a. fått Hedmark fylke sin kulturpris, Hedmarkprisen og Hamarprisen. Karseth har skrive mange syngespel til bruk i skulen, dei mest kjende er «Lussi», «For eit fe» og «Den levande skogen». Per Alsaker omsette «Den levande skogen» til nynorsk, og kontakten mellom dei to resulterte i at Karseth fekk oppdraget med å skrive Elskhug og Eksis

- Reid Gilje -

Reid Gilje har laga alle korpsarrangementa til Elskhug og Eksis. Han har dirigentutdanning frå Griegakademiet, og har dirigert fleire av Noregs beste brassband. Han er Eikanger-Bjorsvik Musikklag sin faste dirigent. Som fast medlem av Bergen Big Band, har han vore involvert i samarbeidsprosjekt med med Andy Sheppard, Ernie Watts, Joe Henderson, Martial Solal, Diana Krall, Sissel Kyrkjebø m.fl. Han har også vore musikalsk leiar for oppsettingar som Which Witch og Les Misérables.