Om spelet

Vi er i året 1895. Det er vår i lufta. Soldatar som er samla til militærteneste på Eksersisplassen på Nordfjordeid saman med bygdefolket, bur seg på å feire 17. mai. Noreg er framleis i union med Sverige, men i Nordfjord som elles i Noreg, har tanken om at vi må bli eit fritt land vokse seg sterkare. For nokre ungdommar er tanken blitt til handling, då dei 17. mai heiser det reine norske flagget i staden for «sildesalaten». Korleis går det med dei? Vil dei lytte til «opprøraren» Lorentz Nybø og tankane han målber, eller er det Myklebust’en som framleis har grepet på soldatane, så vel som bygdefolket?

Film: Kristof Asbot