Songane

Songane er skrivne dels av Tor Karseth og dels av personar som levde på slutten av 1800-talet. I ungdomsavisa Unge Skud fann ein to dikt tileigna Vall Øyebakken. Begge er med i framsyninga. Jon Fridtun, ein kjend ungdomslagsmann, er forfattaren til tre av tekstane, medan Rovde er opphavet til ein av melodiane. Tor Karseth har såleis laga ei framføring med sterkt rotfeste i den lokale dikttradisjonen i Nordfjord. Melodiane han sjølv har komponert, gir ei frisk og freidig understreking av den folkekulturen som stykket vil framstille. Songen til jekteholkjerringane har både tekst og melodi av Tor Karseth og er nærmast ei hylling til dei ferme kvinnfolka som sto i Jektehola ved Eidselva og vaska klede for mannfolka på eksersisen. Likedan er Gå med hatt ein liknande song til kvinnene sin pris.