Lystspelet Elskhug og Eksis finn stad på den gamle eksersisplassen ved Eidselva. Handlinga er lagt til 16. og 17. mai 1895. Dette var ei tid då det skjedde mykje i Noreg, og mykje lokalt knytt til Eksersisplassen.
Historia er folkeleg musikal, sett med den tida sitt ungdomsperspektiv. Unionen med Sverige og tida fram mot frigjeringa i 1905 er ein raud tråd gjennom heile stykket. Ein god del av aktørane i stykket er historiske personar, som hadde funksjonar knytt til Eksersisplassen, eller til ungdomsmiljøet på Nordfjordeid. I tillegg er det også nokre oppdikta personar som er fletta inn i historia.
Det reine norske flagget er eit viktig moment i stykket, sjølv om det er unionsflagget som vaiar på flaggstonga. Framføringa syner eit bilete av miljøet på Eid på sjølvaste 17. mai 1895. Historia startar med at Lina og Brita møter Sunnmørssersjantane Hans og Knut i Jektehola. Deretter vert det noko dramatikk i samband med at ungdomane på Eid er våryre. Rekruttane er også ute etter litt elskhug, ikkje berre eksis…
Nasjonaldagen er ei viktig hending, og folk førebur seg. Men jekteholkjerringane, med Moa-Pcrnele i spisscn, står for klesvasken til dei militære, og for dlei er det ein vanleg arbeidsdag — i alle fall delar av dagen.
Gjennom song, musikk og dans framstillcr skodespelarar og musikarar det frodige folkelivet på Eksersisplasscn i 1890-åra. Der møtest frisøren Vall Øyebakken og fotogra[en Andreas Røvde. Ungjentene som har pynta seg til fest, skal forevigast. Kjøsnesmusikken spelar, borna får vere med den gamle tamburen Paul Paulson og marsjere. Ungdomslaget skal øve inn songar og skodespel til Pinsetreffet på Sandane, men så dukkar det opp langvegsfarande gjester i bygda.
Det vert arrangert leikar for borna, og orkesteret spelar opp til dans. Dette var vanleg på 17. mai i Nordfjordbygdene. Men nokre av rekruttane svingar seg litt meir dristig enn andre, og det blir meir dramatikk kring flagget på Plassen…
Denne nasjonaldagen vert spesiell, særleg fordi unionsoppløysinga nærmar seg!
Foto: Svein Nesbakk