Elskhug og eksis sommaren 2023

Det har vore tradisjon å setje opp lystspelet Elskhug og eksis i oddetalsår. Produksjonen i 2021 måtte avlysast på grunn av covid-19. Styret for spelet har kome fram til at vi vil halde fast på rytmen med oddetalsår. Det vert såleis framsyningar av Elskhug og eksis sommaren 2023. Planlegging av spelet i 2023 er i gang, vi har allereie knytt til oss ein «nygamal» regissør: Marit Grytnes Dullaert kjem attende til Elskhug og eksis i 2023. Sidan sist Marit hadde hand om Elskhug og eksis, har ho hatt regi- eller koreografiansvaret for fleire store produksjonar, m.a. i Ringsakeroperaen og Operaen i Kristiansund. Vi er både stolte og glade over å ha Marit attende i Elskhug og eksis, og vi trur at både publikum og alle på scena kan gle seg til å møte ein så erfaren regissør!
Aller mest «kryssar vi fingrane» og vonar at koronaen har sloppe taket for godt i god tid før våren 2023.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *